Opplev Silda

Natur

Vil du verte kjent med denne øya er det fleire måtar å utforske øya på. Ein tur frå nordre Silda til søre gjer ein enkelt på den asfalterte vegen. Der er ingen bilar på øya, men ein og annan traktor. Dersom du ønsker å sjå meir av øya er der godt merka og opptrakka stier. Ein tur på stien som fører deg til toppen av Johnshaugen vil gje deg mektig overblikk over begge hamnene på Silda, samt det vil gje deg utsikt til leia som går til Selje og du ser også heile Sildagapet. 

Utsikt frå Silda med mykje natur

Dersom du ønsker å sjå den idylliske staden Furevika og restane etter småbruket som stod der kan du gå kulturstien. Kulturstien er ein sti som tek deg til vestsida av øya, du får dermed utsikt utover Sildagapet og leia til den berykta Statten. Kulturstien er godt merka og den går frå søre Silda til midten av øya. Kan vere ein fordel med gode tursko.

Aktivitet

Turgåare på Silda i spektakulær natur

I nordre hamn kan du studere moloanlegget frå 1885. Eit fantastisk byggverk som er freda av riksantikvaren. Moloanlegget er lett tilgjengeleg og ein tur på dette kunstverket vil garantert gje deg tanker om dyktige ingeniørar og dei som utførte bygginga. Midt i hamna ligg også den store fiskerikaia som stod ferdig i 1975, ei kai som gjorde at folket på Silda kunne gå til anskaffelse av større havgåande fiskefartøy. Rett ovanfor fiskerikaia i nordre hamn ligger «Statsbrønnen», brønnen som fyrste gong vart steinsett av den danske løytnant Dahlerup og hans mannskap under Napoleonskrigen. Under Napoleonskrigane vart det nemleg ein flåtestasjon på øya Silda. 

I nordre hamn ligg også bedehuset på Silda. Eit bedehus som vart reist i forbindelse med vekkinga som var på Silda i dei harde 1930 åra. Eit bedehus som vart innvia i 1939 og som er teken godt vare på. Tida har stått stille o bedehuset på Silda og dersom du tek deg ein tur innom dørene vil lokalet og interiøret føre deg til 1960-talet.

Ein tur på Silda kan sjølvsagt ikkje gjerast utan ein tur til søre hamn. Ei naturhamn som huser gamle saltebuer og ikkje minst Skjærbuda. Les meir om saltebudene og Skjærbuda under «Historier»

Historie

Silda i gamledager