Historie

I eldre tid var øya Silda, med si plassering midt i Sildagapet, ei naturleg hamn og stoppestad. Her venta båtane på høveleg veir, før dei skulle passere den farefulle Statten på veg nordover leia. Likeins kunne Silda vere ei naturleg stad båtane søkte ly eller naud hamn etter ein heftig seglas og passering av Statten på veg sørover. 

Ein gong eit utror fullt av fiskarar som skulle ro fiske samstundes som dei trengte eit losji og ein stad å stelle fisken sin. På eit skjær midt i naturlege hamna på søre Silda står Skjærbuda og vitnar om eldre tider. Skjærbuda, ei gamal saltebud og losji som har husa mang ein fiskar og fangsten hans. Ein tur i denne hamna som huser saltebuder og sjøbuder frå kring 1850 vil gje deg eit lite innblikk i korleis forholda var for ein fiskar og båtlaget hans.

Øya Silda var meir enn eit utror for fiskarane. Ein levande stad for kvinner, menn og barn. Eit lite samfunn som var i stadig utvikling i tråd med moderne fiskeri og trendar.

Handelsmannen

Historia om Skjærbuda og handelsmannen i søre hamn på Silda. På eit skjær i søre hamn står det eit gamalt notheng og ei gamal saltebud. Saltebuda går under namnet Skjærbuda og har naturleg nok fått det namnet på grunn av plasseringa. I dei siste tiåra har denne buda vore ein serveringsstad, men det gamle nothenget og kaifronten av naturstein fortel oss at Skjærbuda har ei historie som er verdt å fortelje. Her er historia om Skjærbuda og handelsmannen i søre hamn på Silda.

  • På eit skjær i søre hamn står det eit gamalt notheng og ei gamal saltebud. Saltebuda går under namnet Skjærbuda og har naturleg nok fått det namnet på grunn av plasseringa. I dei siste tiåra har denne buda vore ein serveringsstad, men det gamle nothenget og kaifronten av naturstein fortel oss at Skjærbuda har ei historie som er verdt å fortelje. Her er historia om Skjærbuda og handelsmannen i søre hamn på Silda.

    I andre halvdel av 1800-talet var det godt fiskeri her i Nordfjord og på Halsør budde det ein mann som vil gjere seg pengar på fiskeri og handel. «Lars i skogen», eller Lars A. Hoveseter som var det riktige namnet hans var eit kjent namn i ytre Nordfjord i andre halvdel av 1800-talet. Han starta tidleg med handel av sild og andre fiskeslag, i tillegg hyra inn leigefolk, drifta båtar og bygde sjøbuder. Folket på Halsør hadde ingen gode landingsplassar for båt og ingen visste det betre enn Lars. Derfor søkte Lars over til Silda og i søre hamn på Silda bygde han opp ikkje mindre enn 3 store sjøbuder. Medfødt energi og arbeidslyst vart ikkje mindre av det gode fiskeriet som man på den tida meinte kom til å vare ved.

    På ei av dei store sjøbudene i søre hamn vart det bygget eit slag losji, eit stort tømra rom. På dette rommet holdt herredstyret i Selje kommune sine møter. Silda var på den tida ansett til å vere den mest sentrale staden i den store kommunen gamle Selje var. Vegnett på fastlandet eksisterte ikkje og mesteparten av ferdsel gjekk føre seg med båt.

    På heradstyremøta på Silda samle det seg store og kjente personligheter som «Jesper i Vaagen», «Stor-Anders i Oppedalen», Anders Skavøypold, Rasmus Degnepold, Anders Kvalheim («Kråkenesen»), Theodor Rønneberg, Lars Eide og Josef Moldestad.

    Det var på dette rommet på Silda at den kjente Dr Cappelen og Peder Kjøde fyrste gang tok til å kvesse klørne.

    Dersom heradsstyremøta tok til å dryge ut og representantane tykte at dei trong ei forfrisking så var ikkje turen til handelsstaden Osmundsvåg lang. Dei sendte av gårde nokre menn i ei båt og kort tid etter var desse karene tilbake med eit par flasker blank brennevin. Det var ingen totalistar i heradsstyret og serveringa var enkel og grei. Fantes der ein sølvtomling ( eit lite drikkebeger i sølv) så dugde det til alle. Når drammen skulle takast så vart det fyrst teke ei diger tygge med skråtobakk av beste sort, Joh N. Withs beste bladtobakk må ein vite. Bladtobakken vart lagt inn i venstre neve og så gjekk sølvtomlingen på rundgang. Den største fiskaren, eller den som hadde størst matrikkel fekk som regel fyrst, så gjekk serveringa og som sagt så var det ingen problem med totalistar på den tida. Det var ingen redsel for smitte med ei slik servering, kun for «Sotta» (Tuberkulose) og sjølv den kunne ein møte nokså lenge så sant ein la inn ei faderleg stor skrå i fylgje Dr Cappelen.

    Med Lars A. Hoveseter gjekk som så mange andre på den tida. Han var ikkje før satt i gang med den store utbygginga på Silda så gjekk dei gode fiskeria over. Han vart ein ruinert mann og då som nå så er det helst dei mest føretaksame det gjekk utover. Dei store sjøbudene på Silda vart selde.

    Den eine sjøbuda kjøpte Hans Kupen på Flatraket saman med broren Anders som budde i Seljeneset. Den andre sjøbuda vart seld til Peder Aarsheim frå Røyset på Barmen. Peder selde den seinare til Anton Silden og sjøbuda gjekk då under under namnet «Anton-buda». Sjøbuda til Anton Silden stod på Holmen før den vart rigga ned og seld til Sverre S. Silden. Sverre bygde sjøbuda oppatt i nordre hamn på Silda og gav den namnet «Sjøbas-buda»

    Den tredje og siste sjøbuda som er «Skjærbuda» vart seld til Kasper Tornøe frå Flister og Abel Sørpold. Den vart seinare seld til Albert Silden som budde på «Knausen» på Silda.

    «Skjærbuda var eigd av «Knausane» i lang tid. Når Fiskeferie AS vart oppretta i 1987 var «Skjærbuda» ein del av det konseptet og «Knausane» stilte «Skjærbuda» til disposisjon». Den gamle saltebuda som ein gong var blant anna eit senter for gamle Selje kommune vart rydda fram og den kom atter til nytte og verdigheit.

Øya Silda

Eit typisk fiskarsamfunn der ein kombinasjonsdrift med fiskeri og småbruk skapte ein leveveg for folket på Silda.  Ei øy som ein gong var eit sentrum før vegane på fastlandet vart etablert. Eit stolt folk som ikkje veik unna for å gjere ein beundringsverdig innsats mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig. Dyktige og uredde fiskarar som stadig søkte lenger vekk i havet på jakta etter havets rikdom. Eit samfunn med arbeidsame og handlekraftige kvinner som tok mannen si rolle når han var vekke på fiskeri. Eit øysamfunn med ei lang historie og med mange utrulege historier som vi skal ta føre oss enkeltvis.

Her er ei historisk tidslinje for øya Silda:

  • 1206: Ein Birkebeinarflåte som låg ved Silda vart angrepen av Baglerane

    1320: Silda kapell bygd

    1580: Silda kapell revet

    1710: Los-stasjonen på Silda vart bygd.

    1801: Ifølge folketeljinga budde 29 personar på Silda

    1809: Klaffetelegrafen som gjekk frå Trondheim med endestasjon på Silda vart opna 31 Januar

    1810: Under Napoleons-krigen var det flåtestasjon på Silda og 23 Juli var det eit sjøslag her

    1845: I folketeljinga var det 37 personar på Silden

    1850: Saltebuda Skjærbuda i søre hamn på Silda vart bygd

    1862: Den kjente losen Velom i Sildene omkom i forsøket på å berge seglskuta «Marie»

    1865: Fyrste del av moloen i nordre hamn vart bygd

    1865: Rasmus Johansen opna landhandel med gjesteheim med øl og vinrett

    1907: Albert Silden kjøper den fyrste motorbåten som på Silda

    1920: Ca 80 fastbuande på Silda

    1920: Andre del av moloen vert bygd

    1921: Det fyrste skulehuset på Silda vert bygd

    1925:DS «Aladdin» av Oslo gjekk på grunn ved Silda i ein voldsom storm i Januar

    1928: Telefonen kom til Silda

    1933: Ei stor «vekking» på Silda med mange vekkelsemøte ved indremisjonen

    1940: Bedehuset vert bygd

    1941: Mange ungdommar frå Silda rømmer til Shetland og melder seg til dei allierte

    1942: Stor razzia på Silda. Motstandsfolk frå Silda vert torturerte og sende til Sachenshausen

    1946: butikk opna på Silda

    1950: Elektrisiteten kom til Silda

    1962: Vegen utvida til å gå gjennom øya frå nord til sør

    1965: Ca 210 innbyggjarar på Silda

    1965: Silda går frå Selje til Vågsøy kommune

    1970: Ca 160 innbyggjarar på Silda

    1970: Det gamleskulehuset vert rivet og det vert bygd y skule bygd på Silda

    1970: 8 Havgåande linebåtar høyrer heime på Silda. På kvar båt jobbar det 8-10 mann

    1971: «Seilfjell» Frå Silda gjekk ned 6 januar med ni mann om bord, 6 frå same familie på Silda

    1974: Den nye fiskerikaia på Silda vart bygd

    1979: 12 elevar på Silda skule

    1979: innbyggartalet er ca 120

    1985: Småbathamna på Silda vert bygd

    1987: Skjærbuda vert ombygd til restaurant og Pub

    1989: Skulen på Silda nedlagd

    1997: Posten på Silda nedlagt

    2000: Butikken på Silda nedlagt

    2023: 8 personar bur fast på Silda

Alladin

Historia om Aladdin-natta og hevinga av ankeret til DS Aladdin. På Austsida av Silda står det i dag nokre betongklossar som vitnar om hendinga som skjedde ei dramatisk stormnatt i Januar i 1925.

I ei dramatisk hending og eit ekstremt uveir grunnstøtte det 4000 tonn store lasteskipet DS Aladdin på austsida av Silda. Hendinga fekk namnet «Aladdin-natta» og stormar vart samanlikna med stormen som var den natta Aladdin grunnstøtte.

Sverre Sigurdsen Silden fortel i boka si «Frå Måløyraidet til landgang i Normandie» om hendinga:

  • D/S Aladdin som var eit lasteskip på 4000 tonn kom på nordgåande gjennom Måløystraumen, og skulle vidare rundt Stadten. Det bles sørvest sterk storm med orkan i kasta. Aladdin gjekk i ballast og låg høgt i sjøen. Delar av propellbladene var ute av vatnet , så dei fekk ikkje nytte full motorkraft. Aladdin stoppa opp ved Hjertenes fyr på grunn av det dårlege veiret. Dei ankra opp ved Osmundsvåg en og så på Flatraksvika. Men vinden var så sterk at båten sleit seg frå ankeret og kom i drift. I mellomtida hadde vinden auka til orkan styrke.

    Bergingsbåtane Jason og Herkules var komne for å berge Aladdin, men vinde tok så sterkt i den høge båten at hjelpebåtane kunne lite gjere. I staden kom Aladdin hjelpelaus drivande mot Silda. Det var no begynt å mørkne og tilhøva var heilt elendige. Sjøen gjekk svært høgt over vanleg vasstand, noko som gjorde situasjonen endå verre.

    Alle karane på Silda, også Sigvald Sandviknes som var lærar på øya var no samla. Dei såg kva som ville hende, røynde sjøfolk som dei var. Dei ville prøve å hjelpe så godt dei kunne, fyrst og fremst å få berga folket om bord. På Aladdin slapp dei ut dei ankera dei hadde igjen, når dei nærma seg sørenden av Silda. Nokre av karane hadde greidd å komme seg bort på holmen, heilt på sørenden av øya. Aladdin kom drivande med baugen mot land. Frå Aladdin fekk dei skote ei line mot land. Dei som stod der fekk tak i lina og drog den til seg. Dei fekk då ein wire som vart festa på Holmenden. Aladdin vart no svinga mot vinden. Dei som var heime kunne stadig høyre skipsfløyta , ho gjekk nesten i eit. Dei hadde elektrisk lys om bord. Eg hugsar vi ungane sto oppe i loftvindauget og såg på den dramatiske hendinga. Vinden hylte og vi sprang fram og tilbake frå vindauget då vi trudde det kom susande inn. Faste sjøråker gjekk over huset så sjøvatnet la seg på ruta, dei vart kvite av salt og det vart vanskeleg å sjå ut. Huset rista, Skaka og det knaka i alle føyningane, så vi venta bere på at det skulle knekke saman.

    Wiren som dei fekk i land frå Aladdin small av straks etter at båten hadde snudd seg opp imot vinden. Rett etter brakk ogå ankerkjettinga. Aladdin hamna då opp i fjæra med akterenden inn mot land. Silderane som var samla der, og skulle berge folket i båten, måtte binde seg fast med tau så ikkje bølgjene skulle dra dei ut i det frådande havet.

    Karane stod til beltet i sjøen. Dei fekk ei line frå båten og opp i land, der dei gjorde lina fast. I denne lina var det mannskapet batt seg fast og vart dregne i land ein etter ein. Alt gjekk bra inntil den siste skulle dragast i land. Plutseleg vart han slått laus frå lina av ei bølgje og datt i sjøen mellom båten og land. Då tok Sigvald Sandviknes ei line, batt den rundt seg og let seg gli ut i den frådande sjøen. Med alle sine krefter greidde han å få tak i mannen, og begge vart dregne i land. Dei var begge svært medtekne. Spesielt han som kom ifrå båten fortalde at han var heilt ferdig då Sandviknes fekk tak i han. Dei vart plassert i dei næraste huse, fekk tørre kle og ei seng å sove i. Sildarane hadde gjort ein kjempeinnsats denne natta. Redningsdåden hadde heile natta. Sigvald Sandviknes vart belønna med den største livbåten dei hadde om bord.

For meir om historia til Silda - sjå boka til Andreas Rundereim.