Om Silda

Silda, ein gong eit sentrum i ytre Nordfjord. Eit fiskarsamfunn som på det meste husa over 200 innbyggjarar. No, eit ferieparadis med nokre få fastbuande att.

Turgåer med utsikt over Silda

Silda i dag

I dag kan ein oppleve og sjå konturane av det som ein gang var eit stort fiskerisamfunn. På øya bur der fortsatt fastbuande. Fleire av desse fastbuande har budd der heile sitt liv og dei har eit langt yrkesaktivt liv bak seg, mannfolka har vore sjømenn i alle sine dagar, medan kvinnfolka har stått for den daglege drifta heime og på småbruka. Øya har vorte ein populær feriestad og alle hus og sjøbuder vert tekne godt vare på. På ein smal asfaltert veg som går frå nordre Silda til søre Silda kan du sjå og oppleve alle desse husa og dei velstelte hagane. På vegen som er kring ein kilometer lang får du også sjå skulen som vart bygd på 1970-talet og du får sjå Bedehuset som var bygd og vigsla i 1939. 

I dag er det kring 10 fastbuande på Silda. Fleire av desse har ei leilegheit på fastlandet som dei kan søke til dersom dagane vert for lange og vinterstormane langvarige. På vårparten og om sommaren vert folketalet på Silda minst tidobla. Då trekker tidlegare fastbuande og hyttefolk til øya på same som trekkfuglane. Om sommaren er det yrande aktivitet med sosiale tilstellingar på den gamle skulen, festivalar, og ikkje minst kan folk møtast på Skjærbuda som er ein restaurant og pub.